mandag 31. oktober 2011

Tilbake i tid.....

Mormor og jentene, mamma og tante Olaug
Et bilde seier meir enn 1000 ord....<3

For ei stund sidan fekk eg ein cd med gamle bilder frå tante Olaug. Ho har hatt ein kjempejobb med å scanne inn ei bråte med gamle bilder frå mormors sin album. Tusen takk tante! Har forelska meg heilt i nokre av bilda....



Ski med glimt i auå

Mamma og tante Olaug
Hm....ditte va nåke skeiv arbeidsfordeling....Mamma tørka oppvasken og tante.....lese...? Vi får satse på de var bra underhaldning.......:)

onsdag 26. oktober 2011

Bloggtørke.......?

På veg til Nøvedalen på hytta <3<3<3
Jaja, kalenderen vise at det er lenge sidan forrige innlegg. altfor lenge.:) Er rart med det, men synes hausten/vinteren er tida for blogging. Våren og sommaren er det så mykje anna å sysle med kveldane.


Ei lita oppdatering sidan sist: 

To nye tantebarn har kome til verda, skjønne Nathalie 2.Mai, og sjarmøren Oddmund 13.August. To hjerteknusarar.... Gratulerer så mykje til dei stolte foreldra!!
Bursdagar: Gojenta Leah har no blitt verdens søtaste 4- åring, og mamma Lene nærmar seg motvilleg dei 30.....(27-åring.....:)
Sommaren er over, og snøa kryp stadig lenger ned i fjella...også noko motvilleg....
Fått kobla til nyevatnet, har bora, byggt pumpehus osv osv. Gler oss til å sleppe kavet med tom brønn til vinteren:)
Kjøpt ny sykkel og sykkelvogn:)
Audien nærmar seg EU-godkjent igjen....:)
Mitt alt <3
Leah er blitt en reser på alfabetet og skriving:)
Hjortejakta er i full gong:) Tobben skaut ein på 95kg, gratulerer!
Vi har hatt ein trivelig sommar/haust både små og store:)

Vi har vore på fjellturar, sauesonking, jobba, hatt besøk, vore på besøk, telttur, fisketurar, baka, snikra, sykla, leika, gjort ingenting, gjort alt på en gong. rydda, rota og rydda igjen.


Ha en fin kveld, og skal prøve og oppdatere litt oftare:)

onsdag 16. februar 2011

Dobbelt lykke!

Hærlig å kjenne sola som varmar igjen! Har vore svært så etterlengta, og byrjar så smått og kjenne at våren nærmar seg. Sakte, men sikkert. Denne våren/sommaren blir det dobbelt lykke, både storesysta mi Tonje, og Storebroren Håvard ventar ei/en liten ny verdensborgar!! Og eg skal bli tante igjen, og Leah skal få to nye søskenbarn! Tonje og Bjørn-Tore har termin i slutten av April, og Oddhild og Håvard i byjinga av August:) G L E R OSS!!! Gratulerer til dokke alle, gode, snillde søsken, svoger og svigerinne:)


I mammas mage- et lite mirakel                 

Hei mamma!
                                                               Jeg er her jeg.                                                                            
du kjenner meg ikke ennå
du vet kanskje ikke at jeg eksisterer engang,
men jeg er her jeg.

Hjertet mitt slår, men
du hører det ikke enda,
det slår i takt med ditt
i en annen rytme,
men sammen
lager de musikk i ørene mine.

Mamma, du er musikk
du er bevegelse,
gjennom deg lærer jeg verden å kjenne
Alle lydene
som kommer utenfra, og fra deg,
de kjennes så trygge

Jeg kjenner varmen din,
Jeg kjenner pusten, og lyden av hjertet ditt
jeg kjenner at hånda di stryker over meg
Jeg kjenner kjærligheten din

Mamma, snart møtes vi.
du og jeg.
Snart blir du kjent med meg,
og jeg med deg.
Da kan jeg også gi deg varmen min
kinn i mot kinn...

mamman min....

Til pappan min

Dette er en hilsen til PAPPA'N min fra meg
jeg ligger inni magen og lengter etter deg
- for selv om vi er nærme nå, så gleder jeg meg til
å se deg smile søtt til meg og kose når jeg vil.
Å PAPPA`N min, jeg gleder meg. Det kiler inni meg!
Tenk, om no'n små små dager så skal jeg treffe deg!
Jeg kjenner dine lyder, jeg kjenner stemmen din
og om no'n små små dager skal du få høre min.  

<3<3<3



mandag 14. februar 2011

Oppdatering...

Gojenta mi:)
Har vore ei lita "tørkeperiode siste vekene på bloggfronten, men det er vel fordi vi har hatt så mykje og styre med på andre frontar.....men men...bedre seint enn aldri, ekje de so?:)
Sidan sist har vi vore mykje ute i vinterlandet, ski, akebrett, besøksrunder til fjern og nær, baka, tegna, leika, jobba, mala kjøkkeninnredninga kvit, bursdagar, mala dører, hatt overnattingsgjestar, feira morsdag osv osv... Absolutt ingen problem med å fylle dagane nei, kunne av og til ønske dei hadde fleire timar.


Leah har blitt en reser på ski, trimrenna på bondalseidet er stor stas, og gojenta går heile runda! Stas og få klipp i kortet, og ho gler seg til ein etterlengta pokal! Ein reser har ho også blitt når det gjeld interessa for bokstavane, no skriv ho heile navnet sitt ordrett utan mal, so her prydar tegningar, kjøleskap, bøker osv LEAH med fine bokstavar frå ei lita barnehand.... :) Tenker med ett på kor fort stor ho har blitt, ein må huske og nyte kvar ein dag som ein har!<3 Stolt mor <3

 
Ei  søt lita Pippi,
som gler seg til Pippi-teater på Fredag!!!



Sidan sist i familien har Kjetil- far til Torbjørn , Håvard,-storebroren min, Anne- mora til Torbjørn, Reidar- bestefaren til Torbjørn, og Inger Johanne- bestemora til Torbjørn hatt bursdag!!! Sannelig mykje kake-eting på oss i de siste ja;) Og litt baking me:) Verre er det vel med trimminga....?:)


Då har eg iallefall oppdatert ein liten smule, meir bilder og oppdatering kjem etterkvart....;)


Ha ein fin kveld:)









tirsdag 11. januar 2011

Prosjekt stovebord- FERDIG!


Skreiv tidlegare at vi hadde ein plan om å lage pallebord. No er bordet kome på plass, og vi vart kjempefornøgde!!:) Torbjørn pussa dei godt ned, og beisa med "drivved"farge.... Hjula kosta knappe hundrelappen på clas ohlson, og vips hadde vi eit stovebord med sjarm:) Noko originalt kanskje, men eit veldig praktisk bord. Pc`ane passa perfekt i "hyllene" i pallen, samt tøflene til Leah, bøker, (snop!!) osv...! Støvtorking går heilt fint, om nåken lurte på de, men e akkurat like kjedelig som med andre bord.....;)


Rustikkt?

mandag 10. januar 2011

Nydelig godnattsong

Mammas nissejente tek ein nisseblund <3

Nisser og griser og alle andre små,
skal være inne nå,
kose oss i bingen , og ingen
skal ha no vondt og tenke på
Takk for denne dagen ,
takk for gode ord,
og det gode vi fikk i magen,
nå ønsker vi en god natt til alle barn på jord .
nanannanana , nanananananana  
nanana, nana....

Storm og jentungen



Koseleg julekalender på nrk for både store og små:)
Og nattasongen? Ja, den er både fin og effektiv;)
Leah syng den ordrett no, og eg kjenner nesten eit snev av sakn til det koselege desember-programmet...:)


Filmsnutt av dei koselege nissane, og den fine gonattsongen:)


lørdag 8. januar 2011

Godt nytt år:)

Leah og mamma

Jula er då over for denne gong, og vi er allereide på god veg inn i det nye året. Håper dokke alle har hatt ei God Jul og vil ønske alle eit riktig godt nytt år:)

Ei lita oppdatering:

Tida og ånda til og blogge siste tida har vore lita, men er vel på grunn av at vi har hatt monge ting på agendaen. Sidan sist har eg og Leah flytta inn med Torbjørn framme på dalen, og må virkelig seie at det er ein hærlig følelse å kjenne på:) Leah har teke flyttinga veldig bra, og storkosar seg her framme. Har vore nok omveltningar for gojenta siste året, so er utrulig godt og kunne gi ho denne tryggheita, og det varmar eit morshjerte og sjå gleda av og være her framme. Her spring ho ut på tunet, køyrer traktor, besøker sauene og naboane, skogen rett utfor døra, ja trivselen er med andre ord stor, - det minner om og vekse opp i Bondalen slik eg sjølv gjorde:) Ein kan seie mykje rart om det og bu på bygda, men ein ting er iallefall sikkert, og det er at det er eit eldorado for ungane:) Med nyoppussa rosa prinsesserom i tillegg, der ho virkelig danderar, tralla ho i grunnen dagen lang, og er blitt ei flink og sjølvstendig gojente....med eit ørlite snev av treårstrass....kremt :)
Mine kjære <3 <3 <3
Alle tre gledar vi oss over det og endelig få skape ein heim i lag, med felles draumar, håp, mot, og både dele glede og sorger, latter og tårer.

Julefeiringa var absolutt vellykka, vi fikk go tid og nyte dagane og kose oss i lag med dei nærmaste. Leah
hadde store forventningar til alt dette julestyret, og eg trur feiringa stod til forventningane:) Nissegraut i løda, kakebaking, tid til å leike, julehandel, pakking, planlegging, levering av gåver, julepynting, julekjole, kalendergåver, nissane på månetoppen, selskaplegheiter, marknad, julesongar, EKTE nissebesøk, go mat og alt det andre som hører med:) Vi prøvde og sette krava for jula noko ned i år og bry oss om det som betydde mest, men litt julestress var det nok her på tunet og ja;)

Sidan sist har vi ønskt velkommen det nye året, pakka ut, og kome oss meir eller mindre i orden her framme, vore mykje ute i snøven og leika, hatt monge kjekke besøk, eller vore på besøk, ja- det har i grunnen gått so altfor fort heile desember....jula, romjula og nyttårshelga. Men når vi tenker tilbake er vi godt fornøgde, mange gode minner, glede, latter, leik, forventningar, spenning, ei lita tåre- sakn, varme, ein hektisk, men god Desember....

" Vi finner ikke lykken, vi skaper den..., livet består av øyeblikk- nyt dem....."

Julegåve frå Leah til mamma,
nydelig tavle der  jenta he tegna
(fv: Pusen, Leah, mamma,
og Torbjørn) Hærlig ja!? Sitat Leah: "Ehh, du Tobbebobben vart litt liten du då...men
det e no fordi ho mamma e ei sånne derre derre...eh klobbetønne, so ej fekk litt liten plass te dej då...;)



Ønske om eit godt nyttår!!!

<3 Leah
 <3 Torbjørn
 <3 Lene







mandag 22. november 2010

Kva ønsker du deg til jul?

I postkassa er det fullt. I butikkane er det fullt. På tv er det fullt. Overalt er det fullt-  fullt av det eine tilbodet bedre enn det andre om kva ein skal gi vekk til jul, og korleis ein skal forberede seg på jula. Gaver til mor, gaver til far, gaver til søster og gaver til bror, ønskelister på leikeblad, minst 20 ulike adventskalendarar å velge mellom, alt ein skal bake, vaske, ordne, og rydde. Huset skal være pynta etter alle kunstens reglar, kleda skal være flotte, treet skal funkle, og kjøleskapet skal bugne, julekorta skal være sendt til både aust og vest, ein skal hit og dit og litt til, stressa julehandel med køer som nærmast kokar over..og kva skal ein gi vekk i gåver....julegleda skal være stor og overskuddet selfølgelig på topp.

Kos eller stress? Er det i det heile tatt nødvendig å slite både seg sjølv, familien, vaskekosten og lommeboka ut fullstendig for at jula skal bli bra? Går det an å prøve å stresse ned og heller prøve og kose seg? Bakedag der ein bakar for å ha det kjekkt i lag med ungane, der det ikkje gjer noko om korleis baksten ser ut eller kor monge munnar den mettar, berre nyte gleda over litt skakke julemenn som smakar himmelsk, laga ein koseleg ettermiddag der kjøkkenet ser ut som eit bombeområde? Gåver etter kva ein har lyst til og gi, heimelaga, tradisjonelt eller utradisjonelt, uten å tenke kr og ører? Ser virkelig ALLE at eg faktisk ikkje har vaska toppen av kjøkkenskapa eller at roteskuffen faktisk enda er roteskuff? Neppe.

Eg synes krava til jula vert berre større og større, (Akkurat som Leahs krav til små søte kosedyr, hehe: les: bilde under ;) )at det sjølvsagt kan være ei hektisk tid er ikkje å benekte, men trur ein må sette seg ned av og til og tenke over kva som er viktigast...


Eg skal heller ha eit "helgavaska" hus, nokre få sortar julekaker som alle et, overskudd og smil, vite at kontoen ikkje er ute av drift, prøve og roe ned og nyte jula i lag med dei nærmaste. Kose seg, og gi kvarandre TID. Sjølvsagt vert det pakkar under treet, julepynta hus og alt som hører jula til, men skal ikkje sitte som ei gåen, småfurten kjerring etter alt som MÅTTE gjerast når endelig jula er koma:) Då skal vask få være vask, og krav være krav- jula er til for å nytast, tid for å glede andre, - være inne og kose seg med levande lys og besøk, ein tur i skogen med kakao i termosen, lese eventyr midt på dag under teppet, spele spel, tv-kos, rangle litt, ta seg tid til å lytte, snakke, glede seg over fine gåver, ein tur å tenne lys på gravene, god mat og ro, være mamma, venninne, kjærast. Puste. Senke skuldrane. Julefred og ikkje julestress...

Ro, glede, kos og tid, ja det ønsker eg meg til jul!:)


 
God adventstid...:)

tirsdag 16. november 2010

Første gong til tannlegen!

I går stod dagen for tur, det var tid for første besøket med tannlegen for Leah. Spent og litt undrande satt vi på venterommet og venta på at ho skulle bli ropt opp, medan vi leika med leikene (som for øvrig var dei same som var der då eg var lita..).og øvde litt på kva vi skulle gjere inne med tannlegen:)


Når ho endelig vart ropt opp av ei blid tannlegedame, gjekk gojenta stolt og modig inn døra og sette seg på fanget mitt og gaaaapte opp - før tannlegen i det heile tatt hadde bedt om det:) Flink jente eller?



Posering i stolen:)

Mamma var iallefall kjempeSTOLT:)
- og det var ikkje vanskeleg å sjå at Leah var og, der ho fekk velge ei lita grøn skattekiste som premie frå skuffa på tannlegekontoret, og kunne reise og vite at der var ingen Kariusar eller Baktusar i tennene:)

Ha en fin dag alle sammen:)